Bildegalleri av kulturminister Hadia Tajik besøk i Hammerfest (innspelsseminar på AKS).
"Sidan 2005 har regjeringa satsa sterkt på kultur og frivillig sektor gjennom Kulturløftet 1 og 2. Løyvingane til kultur har auka med 5 milliardar kroner, ei dobling sidan 2005. 1 milliard av dette har gått til momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar. No skal vi peike ut retninga for dei komande åra. Difor vil eg denne våren reise rundt i alle fylka for å få innspel. Kva bør vi halde fram med? Kva bør vi satse på framover? Korleis sikre at fleire deltek? Videoklipp frå oppstartsmøtet er lagt ut på: www.regjeringen.no/innspillsseminar. Eg vil gjerne invitere din organisasjon/institusjon til innspelsseminar i Finnmark: 12. juni kl. 12.30-14.30 på Arktisk kultursenter i Hammerfest" - inviterer Hadia Tajik, Kulturminister. I møtet vil det bli høve til å kome med innspel til arbeidet. De kan og sende innspel til Kulturdepartementet på nettsida vår. For påmelding og innspel eller for meir informasjon, sjå: www.regjeringen.no/kulturloftet. |
AnsvarligHammer Kommunikasjon AS står for kommunikasjon og alle oppdateringer. Bloggarkiv
January 2014
|